24. januar 2025

I Kongo har 742 nye artar vist seg for menneske - det kan bli redninga deira

Det blir heile tida oppdaga nye artar av både plantar og dyr i regnskogane i verda. Dette er ei viktig utvikling, ettersom det er lettare å beskytte dyr ein veit meir om. Dette er noko som det også er stort behov for.

Foto: Salonga National Park

Du er fullstendig omringa av eit grønt teppe av blad, lianar og trestammar fylde av mose. Det raslar i krattet framfor deg, og ein svarthåra gorilla på størrelse med ein fullvaksen mann blir sakte men sikkert synleg. Han blir etterfølgd av familien og små gorillaar klamrar seg til pelsen på ryggen til mødrene deira. Forsiktig beveger dei seg mot ei opning i skogen, der trekronene ikkje lenger skyggar, men lyset strøymer ned på ei speilblank vassoverflate.

Her får dei selskap av store afrikanske skogelefantar som kjem fram frå kanten av skogen. Nokon av dei har massive støttenner som blir dyppa i vatnet når snablane syg opp vatn. Det er eit konstant lydbilde av fjerne apeskrik, fuglesong og summande insekt. 

Slik er det midt i Kongobassenget, verdas nest største regnskogsområde. Berre Amazonas er større. Kongobassenget strekker seg over heile 13 prosent av kontinentet i Afrika. Og elefantane og gorillaane er langt frå aleine her. 

Her bur det tusenvis av ulike fugleartar, 450 typar pattedyr, 700 fiskeartar, 280 forskjellige reptilar og hundretusenvis av insekt. Ganske mange av artane finst berre her i det som den miljøfaglege direktøren i WWF Danmark, Jacob Fjalland, kallar for “Afrikas grøne hjarte”.

Samtidig som Kongobassenget blir kalla for eit regnskogområde, så er det faktisk ei blanding av ulike typar skog, elvar, kratt, savannar, hede, mangrovar, hòlar, kystlinje og mykje meir.

Det finst mange forskjellige artar av aper i den afrikanske regnskogen. Dei to på bildet høyrer heime i Salonga National Park, ei villmark av regnskog i hjartet av Kongobassenget. Foto: Salonga National Park

WWF har nyleg gitt ut en rapport som viser at i løpet av eitt tiår, frå 2013 til 2023 vart det funne minst 742 nye artar i området. 

– Det er eit uttrykk for at me ikkje veit alt om naturen enda. Me veit faktisk ganske lite, seier Jacob Fjalland. 

I verkelegheita er det ikkje vilt at det er funne over 700 artar i den gigantiske regnskogen. I alt kjenner me menneske i dag til om lag 1.7 millionar artar av dyr og planter på verdsplan, men forskarar tipper at det er 50 millionar artar i verda – kanskje enda fleire. 

Registreringskappløp finn både ildfloger, kaffe og ei ny ape

Dei nye artane som har blitt oppdaga i Kongobassenget spenner seg frå orkidear og ein ny type kaffe, til ildfloger, flaggermus, ein krokodille, ei ny type ape, ei skjelpadde og mykje meir. 

Ein ting som er viktig å få med er at når det blir skrive at det er oppdaga ein ny art så betyr det ikkje at den har vore skjult frå menneske frå før av. Urfolk som bur i skogen har tett kontakt med naturen og sit ofte på ein enorm kunnskap om planter og dyr. WWF-rapporten som slår fast at det er funne hundrevis av nye artar kjem altså då ikkje frå nye oppdagingar, men heller frå at det er første gong desse artane har blitt skrive ned og registrert av forskarar. 

Så kan ein kanskje tenke at det verkar veldig bra at forskarar heile tida oppdagar nye artar. Ein kan kanskje tru at biodiversitetskrisa ikkje er eit altfor stort problem enda. Dette stemmer ikkje. Svært mange av dei artane som blir oppdaga av forskarar i dag er nemleg allereie truga når dei blir funne. Dei er truga av klimaendringar, men også av menneskeleg aktivitet som avskoging, ulovleg gruvedrift, landbruk og infrastruktur.

Jacob Fjalland kjem også med ei nedslåande vurdering:

– Eg er ikkje sikker på om me nokon sinne får skrive ned alle artar, seier han. Eg trur også at mange av dei artane som finst i dag, med den hastigheita me ser at dei forsvinner i dag, kan rekke å bli vekke innan dei blir oppdaga.  

Jo meir ein veit, jo meir kan ein gjere

Det er likevel ei viktig utvikling at det er oppdaga nye artar.

– Det er superviktig å gjere oppmerksom på at alle desse spennande artane finst, men også å forstå artane sin dynamikk og behov. Jo meir me veit og jo fleire artar me kjenner til, dess meir kan me jobbe fram tiltak for å beskytte naturen, seier Jacob Fjalland. 

Og det har effekt når verda går saman om å beskytte naturen. I 2024 viste ein ny studie at så godt som dei fleste prosjekt som handlar om beskyttelse og gjenoppretting av natur er med på å anten bremse eller betre tap av biodiversitet. Men for at det skal fungere så må ein kjenne til dei artane som skal bli beskytta.

Berre overgått av Amazonas er Kongobassenget verdas nest største regnskogsområde, men det er også meir enn det. Kongobassenget er også elver, savanner, mangrovar, varme, kystlinje og mykjre meir. Foto: Salonga National Park.

I ein del tilfelle kan det då vere nok å beskytte store samanhengande naturområde, og la dyra leve fritt utan forstyrring. Men dersom ein veit om kva artar som finst der så gir det også ei moglegheit til å bygge ut nødvendig infrastruktur på ein måte som viser omsyn for alle artane i området. Dette er vanskeleg når ein ikkje veit at dei finst.

Fred gir eit forsprang for forskarar

Regnskogområda er dei mest biodiverse og naturrike stadane i verda. Det er likevel ikkje berre derfor forskarar ofte finn nye artar akkurat der. 

Kongobassenget er eit kjempestort område og sjølv om Den demokratiske republikken Kongo ligg i hjartet av skogområdet, strekker det seg over grensene til Kamerun, Gabon, Guinea, Den sentralafrikanske republikken og Republikken Kongo. Fleire av desse landa har lenge slitt med forskjellige konfliktar. 

– Av alle dei store regnskogområda, Amazonas i Sør-Amerika, Borneo i Asia og Kongo-basinet, er det heilt klart mest utfordrande å arbeide i Kongobassenget grunna konfliktar og dei strukturane som har vore der i mange tiår. Derfor er det også enda viktigare å ha fokus på dette området, seier Jacob Fjalland. 

Det har rett og slett ikkje vore mogleg for forskarar å reise inn i jungelen og undersøke naturen utan å vere i livsfare. Derfor er det altså også godt nytt for naturen når konfliktar blir løyste. 

– Dersom ein får skapt fred og demokrati og motverke fattigdom. vil det også vere ein grobotn for å skape meir effektiv naturbevaring. Og samtidig kan naturbevaring og effektiv utnytting av naturressursar vere eit grunnlag for å skape stabilitet. Mange av dei konfliktane ein ser er på grunn av kampen om naturressursar, seier Jacob Fjalland. 

– Så for oss heng langsikta utvikling og naturbevaring uløyseleg saman.