4. desember 2025
Frå ungdomsaktivisme til reell endring: Slik jobbar dei for å takle søppelkrisa
Afrika er kontinentet med verdas yngste befolkning, og dei aller fleste er under 30 år. Dette gir ei enorm moglegheit for at nettopp ungdommane kan engasjere seg i kampen for klima og miljø.
NY GENERASJON: Det er dei unge som blir påverka av miljøutfordringar – og det er dei som ofte kjem med nye løysingar. Foto: Green Africa Youth Organization
Det har vore ei kraftig befolkningsvekst over heile Afrika, som følgje av at dødsratene synker mykje meir enn feritilitetsratene. Særleg blir den kraftige nedgangen av barnedødelegheit på kontinentet over dei siste tiåra sett på som ein av dei største og beste utviklingshistoriene i vår tid.
Resultatet er at mange fleire får vekse opp samtidig, noko som fører til ei ung befolkningsbølge. I Afrika som kontinent er medianalderen 19,3 år. Til samanlikning ligg dette talet på 42,8 år i Europa og 39,8 år i Norge.
Då er det også mange unge som får erfare effektane av klimaendringar og andre miljøutfordringar i levetida si. Dette gir ei enorm moglegheit for at nettopp ungdommane kan engasjere seg for å handtere slike utfordringar – og det er det mange som gjer, med imponerande grad av innovasjon og entreprenørskap.
Ein som verkeleg har stått i spissen for dette, er eldsjela Desmond Alugnoa frå Ghana. Han er ein av grunnleggjarane av organisasjonen Green Africa Youth Organization (GAYO). Det begynte med at han, saman med andre studentar, engasjerte seg for klimahandling, mellom anna motstand mot innføringa av kolkraftverk. Etter kvart har det utvikla seg til å bli ein organisasjon som har spreidd seg til fleire delar av kontinentet.
– I Ghana er det eit problem at det ofte er folk opp i åra som bestemmer reglane. Derfor var alltid planen vår å legge til rette for at også dei unge kan få vere med å påverke klimapolitikken, då det er dei som må bere konsekvensane, seier Desmond.
Det starta altså i 2014 med eit ønske om å endre maktbalansen, slik at dei unge kunne få stemmene sine høyrde og respekterte. Derfor starta organisasjonen med å drive kampanjar på universitet og vidaregåande skular. Her informerte dei om korleis ungdommen kunne vere med som pådrivarar av ei endring.
– Det aller første store me oppnådde var nettopp det at me, saman med andre organisasjonar, klarte å mobilisere dei unge nok til å stanse myndigheitene sine planar om eit kolkraftverk. Dermed er Ghana utan eit kolkraftverk den dag i dag, seier Desmond fornøgd.
Innsats for reinare luft
Frå starten som ei ungdomsrørsle for endring, har organisasjonen utvikla seg til å vere så mykje meir. Og påverknaden har vore stor. I fjor fekk organisasjonen Earthshot-prisen for arbeidet med å sørge for rein luft i Ghana og Uganda.
EIT REINARE MILJØ: Her er Desmond Alugnoa i samtale med arbeidarar frå organisasjonen han var med på å starte. Foto: Green Africa Youth Organization
Denne prisen vann dei for sin Zero Waste Model. Dei har nemleg blitt ein stor del av avfallshandteringa i byar og lokalsamfunn.
– Eg ville gjere noko med all forsøplinga og forureininga som me såg rundt oss. Me reiste derfor til kystsamfunn, fordi me ville lære vekk farane med forsøpling. Fiskarane fortalte at dei hadde problem med at garna fylte seg opp med plast, heller enn fisk. Alle forstod at dette var eit problem, så me arrangerte store strandryddingsaksjonar der lokalsamfunnet fekk vere med, seier Desmond.
Han forklarar vidare at dei då fekk spørsmål om kva dei kunne gjere for å hindre all denne forsøplinga. Problemet var nemleg overfylte søppeldunkar, og sjeldan henting av desse. Då blir det fort til at søppelet flyt.
Dermed innsåg Desmond at noko måtte gjerast. Det første som vart gjort, heilt på eit lokalsamfunnsnivå, var å lære om kjeldesortering, for å skape mindre restavfall.
SORTERING: Håpet er at alt av søppel skal kunne bli sortert og brukt til noko nytt. Foto: Green Africa Youth Organization
– Då eg først flytta til det urbane området New Edubiase, såg eg moglegheitene for dette. Noko av det eg då gjorde, var å komme i kontakt med dei uformelle avfallsplukkarane.
Uformelle avfallsplukkarar vil her seie folk som står utan fast løna arbeid, men som lever av å leite etter verdiar i gjenstandar på søppeldyngene.
– Dei sit ofte på enorme kunnskapar om kva som kan resirkulerast, og kven som vil kjøpe det. Dei er heilt uvurderlege med den kunnskapen dei har, seier Desmond.
Han legg til at han er stolt av kva han har fått til når det kjem til å påverke liva deira.
– Veldig mange av desse avfallsplukkarane har no fått arbeid med verdigheit. Før var dette ulovleg, og dei vart undertrykt av politi og myndigheiter. Dei hadde ikkje lov til å drive med det som var deira einaste måte å tene pengar, seier han, og legg til:
– Og ikkje minst var det utrygt, og veldig farleg. Dei hadde ingen som kunne hjelpe dei ved kutt og skadar, og ingen sikkerheitsutstyr.
Ved hjelp av GAYO si involvering har dei no fått ein tryggare arbeidsplass. Ifølgje Desmond har dei no fått meir stabile forhold, ved at dei har fått sertifisering av myndigheitene.
– No har dei sikkerheitsutstyr, og til og med helseforsikring dersom det skal skje skadar i samband med arbeidet.
Resirkulering på lokalsamfunnsnivå
Tilbake til det som skjedde då Desmond først tok kontakt med desse uformelle avfallsplukkarane.
– Eg fann ut at dersom det skulle vere mogleg å få til ein effektiv løysing på alt søppelet, så måtte dei bli involvert. Etter kort tid fekk eg på plass ein avtale der dei kunne samle inn søppel frå husstandar.
Etter ei tid hadde heile 1500 husstandar blitt med i ordninga om å få søppel henta. Og dette søppelet skulle då få eit nytt liv.
– Eg fekk tidleg eit samarbeid med ein skule i området. Dei hadde også eit tomt landområde like ved, som ikkje var brukt til noko. Dette var ei gylden moglegheit til å kunne bruke matavfallet.
Desmond forklarar:
– Det er mykje matavfall i Ghana. Dette kan jo brukast som kompost. Derfor brukte eg dette området til å dyrke kassava og mais, med komposten som kom frå matavfallet som hovudgjødsel. Dermed kunne eg vise at landbruket kan ha nytte av avfallet, og slike avlingar kan dyrkast utan unødvendig bruk av kunstgjødsel, og utan ekstern hjelp.
BEREKRAFTIG LANDBRUK: Bruk av matavfall som gjødsel til avlingar gir nye moglegheiter. Foto: Green Africa Youth Organization
Dette fungerte som ein demonstrasjon, for å vise kva moglegheiter som ligg i avfall. Vidare har GAYO utvikla ein resirkuleringsmodell som bruker nesten all form av avfall.
– Då avfallsplukkarane kom og henta restavfall, kunne dei ta betalt for å hente det. Dette gav igjen insentiv for å kjeldesortere, og sørge for at det ikkje var unødvendig bruk av ting som ikkje kan resirkulerast.
GAYO sørger for at det aller meste kan få eit nytt liv, anten det er ved å trygt hente ut råmateriala frå elektrisk avfall, eller det er å lage noko heilt nytt av ting ein ikkje trudde kunne brukast til noko.
– Me lagar ofte store klumpar eller ballar av avfall, eller me kan lage det om til små strimler. Dette er materiale som kan brukast til å bygge solide konstruksjonar, og det har faktisk vist seg effektiv i å bruke til vasstankar, seier han optimistisk, og held fram:
– Og organisk materiale som tek lengre tid å bryte ned, til dømes dyrebein eller fiber frå kokosnøtter, det kan brukast til å lage tennbrikettar av. Alt dette veit me frå å ha samarbeida med små selskap og personar som har drive med dette på småskalanivå i lang tid.
Samarbeid med myndigheitene – og inkludering av alle
Det som GAYO også har fått til i fleire byar der dei har prosjekt, er å få styresmaktene involvert. Dei kan lage og handheve reglar som sørger for at resirkulering også blir ei lov, og ikkje berre ein positiv ting i seg sjølv.
– Me klarer å få til eit samarbeid i dei fleste byane. Myndigheitspersonar er som regel veldig positive til det arbeidet me gjer, og me har derfor klart å få til samarbeid fleire stadar.
Men det som ligg heilt i grunn for GAYO sin visjon og sitt arbeid, er inkludering av lokalsamfunna og sårbare grupper.
Foto: Green Africa Youth Organization
– Dette starta som ein ungdomsorganisasjon, og det er det det framleis er. Eg har alltid vore oppteken av at denne organisasjonen skal vere leia av ungdommar, og det skal alltid vere kjønnsbalanse, seier Desmond.
Sjølv trakk han seg som leiar av organisasjonen etter at han mottok Earthshot-prisen, men han sit framleis i styret, og er framleis med på det administrative som framleis står i hans namn.
– Etter at me fekk den prisen, og dei midlane som kom med, bestemte eg meg for at no var det på tide å gi organisasjonen vidare til ein ny generasjon med ungdommar. Det passa bra, for midlane hjelpte til med omorganiseringa, og organisasjonen har eit godt grunnlag for å bli drive vidare av flinke folk, seier Desmond.
Han bestemte seg dermed for å gi stafettpinnen vidare, litt over ti år etter han starta GAYO. Men visjonen forblir den same. Inkludering er ein veldig viktig kjerneverdi i GAYO sitt arbeid.
– Her i Ghana har ikkje studentar og unge mange moglegheiter for internship eller ekstrajobbar under studiane, og vegen inn til eit arbeidsliv kan derfor vere vanskeleg. Derfor er me opptekne av å bruke GAYO som ein inngang til eit arbeidsliv, ved å tilby internship, i tillegg til å drive økoklubbar der dei kan lære om moglegheitene for jobb. Dette er ein måte å gi unge eit forsprang inn mot arbeidslivet. Me prøver å legge til rette for at både ungdommar og kvinner skal bli representert på alle nivå av verdikjeda.
Desmond kom inn på The Independent si Climate 100-liste i september i år, og er med det anerkjend som ein av dei 100 viktigaste miljøforkjemparane i verda. Dermed er han eit stort førebilde, og kan inspirere unge klimaaktivistar til å ha håp. Han er eit bilde på at det å engasjere seg kan gjere ein stor forskjell.
Journalisten kjenner Desmond Alugnoa personleg.