12. mars 2025
Dei pleidde å bli til supper og smykke: No går det framover for verdas havskjelpadder
I mange år blei havskjelpadder fanga, jaga og ete. Mange av dei er derfor truga artar. Men eit stort arbeid for å beskytte dei verda over betyr at utviklinga har snudd.

Foto: Kris-Mikael Krister, Unsplash.
Dei fleste havskjelpaddeartane er å finne på IUCN si raudliste over truga artar. Talet på havskjelpadder har også minka og minka – dei har blitt jaga, ete og med uhell fanga som bifangst i nett. Dette har gått hardt ut over dei. Men det viser seg faktisk at det går framover for mange av artane. Fleire stadar i verda aukar tal på reir, og også talet på havskjelpadder.
– Det er ikkje særleg mange døme i havforsking generelt der det har skjedd framsteg i forhold til naturbevaring. Me høyrer mest om dei dårlege nyheitene i media, om overfiske, korallbleiking og så vidare – men havskjelpaddene er eit verkeleg godt flaggskip for kva som er mogleg dersom ein gjer ein innsats for å passe på artane i havet.
Det seier Graeme Hays. Han er professor i havforsking på det australske Deakin University, og han veit mykje om nettopp havskjelpadder. Han har nemleg forska på dei i 35 år.
Saman med ei rekke forskarkollegaer har han samla inn eksisterande data om havskjelpaddebestandane frå mange stadar i verda, og deira analyse viser eit positivt resultat: I dei aller fleste tilfella er bestanden av dei ulike artane stigande eller stabil.
Hava skal bli beskytta på alle nivå
Hays fortel at framgangen for havskjelpadder er på grunn av naturbevaringsarbeid verda rundt – på alle nivå.
På lokalt plan finn ein biologar og organisasjonar som beskyttar spesifikke bestandar, og andre stadar blir dei betre beskytta fordi havskjelpaddene kan tiltrekke turistar.
– Dersom løna di er avhengig av at du kan ta med turistar til stranda for å sjå på skjelpadder, så vil du sjølvsagt sikre at det er skjelpadder der, seier Hays.
Og på nasjonale plan blir det oppretta beskytta marineområde.
– Det er ofte blitt gjort for å lage reservat, der fisk kan gyte og komme seg. Men når det er marineparkar der ein ikkje skal fiske, kjem det sjølvsagt alt som lever der til gode, seier han.
Sist, men ikkje minst har det også blitt laga internasjonale avtalar om å beskytte hava. Og den Hays peiker på som viktigast akkurat no blir kalla 30 by 30.
– Alt i alt så har alle utvikla nasjonar i verda skrive under på målet om å beskytte 30 prosent av verdas hav og natur i 2030. Og det er masse hav, seier han.
"30 by 30"-avtalen
Målet i 30 by 30-avtalen er at 30 prosent av verdas hav og 30 prosent av Jordas landområde skal beskyttast innan 2030. Ifølgje Protected Planet Report 2024, som blant anna IUCN står bak, er det i dag berre 17,6 prosent av landområda og indre farvatn som er beskytta, og 8,4 prosent av hav- og kystområde.
Det må altså gjerast tiltak dersom målet skal nåast om fem år.
– Så det beviser at alt arbeidet som er blitt gjort på forskjellige nivå har vore med på å snu utviklinga for havskjelpaddene dei siste tiåra.
Reirteljing
Den lettaste måten å undersøke om det går framover for havskjelpadder er ved å sjå på talet på reir.
– Det er lettast å telje, fordi ein kan gå rundt på strendene og telje spor etter skjelpaddene, fortel Hays.
Dyra svømmer enorme avstandar i løpet av livet deira når dei flytter seg rundt i verdshava, men eit indre kompass gjer at dei vender tilbake til stranda dei vart klekte ut på. Her graver dei reir og legg egg, og når dei blir klekt ut beveger dei små skjelpaddene seg over sanden og ut i vatnet.

Slik ser det ut når havskjelpaddene sine ungar blir klekt ut og beveger seg over sanden mot vatnet. Foto: Kanenori, Pixabay.
Mykje av den innsamla informasjonen som Hays har sett på er derfor korleis det står til med reira til skjelpaddene rundt i verda.
Og for å nemne nokre få framsteg: På øya Sal i Kapp Verde er talet på reir frå glattkarettskjelpadda stige frå berre 500 i 2008 til heile 35.000 i 2020. Og på øygruppa Aldabra i Seychellene har talet på årlege reir for den grøne havskjelpadda stige frå 4.000 i 1980 til 16.000 i 2018. I Mexico har det også vore ein stor auke i tal på redet frå Kemps bastardskjelpadde. Ein kunne heldt fram.
Gammal data gir truga skjelpadder
Dersom du har tenkt at skjelpadder altså er truga artar så er det ikkje så rart. Miljøorganisasjonen IUCN har nemleg verdas mest omfattande oversikt over den såkalla globale bevaringsstatusen for både dyr og plantar. Her er dei ulike havskjelpaddene anten sårbare, truga eller kritisk truga. Og på 1900-talet gjekk det også kraftig nedover for dyra.
– Havskjelpadder var noko ein åt, eller noko ein lagde om til smykke; eller så var dei plagsame som bifangst, fortel Hays.
Men no tyder alt altså på at utviklinga fleire stadar i verda er i ferd med å snu.
– Naturbevaringsstatusen for havskjelpadder er mykje betre no enn den var då eg starta karrieren min, seier han.
Hays sit sjølv i IUCN sitt utval av havskjelpaddeekspertar. Han er altså ein del av den store gruppa med kloke hovud som står for å vurdere statusen for dei forskjellige skjelpaddene. Han understrekar at IUCN gjer mykje arbeid, og at lista over korleis det går med alt levande er svært viktig.
– Men problemet med IUCN har vore at dei har oppdatert statusen for kvar art svært sjeldan, seier han og kjem med eit døme:
– Den grøne havskjelpadda vart kategorisert som truga i 2004 av IUCN. Det var siste gong ei global vurdering vart laga. Det er 21 år sidan. Men ei ny vurdering blir annonsert i 2025, og der veit me at den nye status blir ‘livskraftig’. Det er dem minst faretrugande kategorien på trugselbarometeret.
– Så det er altså grunnen til at ein høyrer folk seie at havskjelpaddene er truga eller kritisk truga – dei snakkar om data som kanskje er to tiår gamle.
Ei varmare verd gir fleire hoer
Det er ikkje alle skjelpaddene det går framover for. Særleg havlêrskjelpaddene har stadig vanskelege vilkår. Mange stadar har tal på reir nemleg gått ned. Og i Costa Rica var bestanden av den grøne havskjelpadda elles gått jamt opp for å så gå ned igjen – utan at ein ifølgje Graeme Hays veit heilt kvifor.
– Berre fordi at det ser bra ut på eitt tidspunkt er det ikkje grunn til å kvile på laurbæra og tenke at havskjelpaddene har det fint, seier han.
Det er nemleg stadig mykje som kan truge dyra. Havskjelpaddene blir stadig etne, egga blir stolne, menneska sitt inntog på strendene gir vanskelege gytevilkår – og så trugar klimaendringane.
Ein av grunnane er at kjønnet på nyklekte havskjelpadder ikkje blir bestemt i det den første cella blir danna, slik det er med pattedyr som oss menneske – i staden er det temperaturen i reiret der egga ligg som bestemmer om det blir ei hann- eller hoskjelpadde.
– For skjelpadder er det slik at varmare temperaturar gir hoer. Så klimaendringane vil føre til at bestandane blir meir og meir dominerte av hoer, seier Hays.
– Det vil på kort sikt kanskje vere bra, sidan fleire hoer betyr at fleire skjelpadder kjem på land for å legge egg, som igjen gjer at bestanden aukar – men det langsiktige scenarioet, dommedagsscenarioet, er sjølvsagt at det ikkje er fleire hannar igjen. Og det vil dermed føre til utrydding.
Nokre stadar har ein sett skjelpadder sjølv forsøke å løyse dette problemet ved å legge egg tidlegare på året, men andre stader har menneske, ifølgje Hays, forsøkt å kjøle ned sanden på strendene ved å skape skugge, sette opp sprinklaranlegg med kaldt vatn, eller så har ein forsøkt å flytte egga til rugeplassar.