18. april 2025

Kvar dråpe tel: Stor nedgang i farleg vatn

Vatn er liv, men dersom vi ikkje passar på, kan vatn – eller mangel på vatn – også bety sjukdom. Forureina vatn drep ikkje like mykje som tidlegare, men det betyr ikkje at kampen er over 

Vatn skal brukast til mykje meir enn å stille tørsten. Det skal også bli brukt til hygiene og matlaging.

Vatn skal brukast til mykje meir enn å stille tørsten. Det skal også bli brukt til hygiene og matlaging. Foto: UNICEF.

– Sjå! Reint vatn rett frå elva, seier Alfayo Kipkeny medan han skrur på kranen. 

Han er assisterande leiar på eit vassreinsingssenter i den kenyanske provinsen Nakuru. Her jobbar dei med å gjere vatnet i elva drikkande for dei lokale, som elles får mykje av drikkevatnet deira fylt med regnvatn. 

Vatn er nemleg livsviktig. Dette veit alle. Det skal både drikkast og bli brukt når klede, hender og kroppen skal vaskast.  

Dersom det ikkje er nok vatn, eller dersom vatnet er skitent eller forureina, kan det snike seg sjukdommar inn som kan koste menneskeliv. Dette er noko som tidlegare har vore veldig utbreidd i verda, men som heldigvis er i nedgang.  

Offisielle tal frå IHME, eit forskingsinstitutt for global helse, viser at andelen av menneske som døyr av forureina vasskjelder har gått ned med 76 posent sidan 1990. Det er særleg i dei afrikanske landa, som Kenya, og i Asia at det har skjedd store framsteg. 

Nokre av grunnane til det er at det har komme meir tilgjengeleg drikkevatn, fleire toalett og meir fokus på hygiene.  

Og det er ikkje berre IHME som kan sjå framsteget. Verdas helseorganisasjon, WHO, kan også sjå at forureina vatn kostar færre liv i dag enn tidlegare. Ambisjonane for framtida har ikkje blitt mindre.  

– Vi meiner at det framsteget vi ser, kan og bør skje raskare, seier Bruce Allan Gordon, som er leiar av avdelinga for vatn, sanitære forhold og helse i WHO. 

Korleis kan vatn drepe? 

For det første bør ein forstå at reint drikkevatn og sanitære forhold – altså toalett og hygiene – heng uløyseleg saman. Både i forhold til grunnleggjande rutinar som å vaske hendene, men også i forhold til meir kompliserte sjukdommar, som ofte følgjer i fotspora til fattigdom. 

Dersom det ikkje finst toalett eller nok reint vatn til hygiene, kan det resultere i til dømes kolera – ein diarésjukdom, augesjukdommen trakom eller parasittsjukdommen guineaorm.  

Alle er forferdelege sjukdommar som kan førebyggjast med reint og rikeleg med vatn, men som elles kan gjere vatn dødeleg.  

Framtida 

– Vi tilføyer klor og aluminiumsulfat til vatnet, seier Alfayo Kipkeny då han skal forklare korleis vatnet blir reinsa.  

– Vi tilføyer berre så masse at vatnet framleis er trygt å drikke, legg han til. 

Den kjemiske reinsinga er éin av dei metodane som har vore med på å gi 2.1 milliardar fleire menneske tilgang til reint drikkevatn dei siste 20 åra. 

Noko anna som også har redda liv er at det har komme eit større fokus på viktigheita av toalett og hygiene. Nokre av dei landa som har hatt størst framsteg på den fronten, er dei asiatiske.  

– Malaysia, Singapore og Thailand har gjennom koordinerte prosjekt gjort reinheit og hygiene til ei politisk stoltheit – for dei handlar det om å ha eit reint land, seier Bruce Allan Gordon.  

Han kan lett forstå  at det er vanskeleg og at det krev  mykje arbeid å lage så store strukturelle endringar i eit land. Han meiner likevel at ein må hugse på kor viktig reint vatn eigentleg er: 

– Til slutt så handlar det om ein synest det er akseptabelt at 1.4 millionar menneske framleis døyr årleg på grunn av mangel på vatn, dårlege sanitære forhold og forureina vasskjelder, seier han. 

Han kallar seg sjølv for ein optimist med tanke på at det skjer framsteg i verda når det kjem til vatn. I den kenyanske provinsen Nakuru blir i alle fall masse vatn reinsa.  

– Vi reinsar 540 kubikkmeter vatn i timen, seier Alfayo Kipkeny med eit smil om munnen. Når vatnet er reinsa, flyt det frå anlegget ut kranane til dei lokale, som trygt kan sløkkje tørsten.  

Verdens Beste Nyheter Danmark var i Ghana med støtte frå GLOBUS-pulja under det danske utanriksdepartementet.