29. oktober 2025

Mødredødelegheita har stupt: No veit vi korleis vi kan redde enda fleire

Andelen kvinner som døyr i barselstida har gått ned med nesten 60 prosent sidan 1980-talet. Ifølgje ein ekspert finst det løysingar for å få talet enda lågare.

Raju GPK / Unsplash

Kvart år kjem fleire millionar barn til verda. Dei fleste blir fødd utan store problem, men mange av mødrene deira har ein aktiv risiko for å miste livet i barselstida.

No har det likevel blitt tryggare å føde barn. Andelen mødredødelegheit har falle med nesten 60 prosent sidan 1985. No er det rundt 260.000 dødsfall i året.

Det er særleg fleire utdanna helsepersonell, i tillegg til enklare tilgang til helseklinikkar som har ført til at dette talet faller.

I Sierra Leone har mødredødelegheita blitt meir enn halvert på berre sju år, fordi fleire føder på sjukehus, og i Laos blir det utdanna jordmødrer som aldri før.

Talet kan bli enda lågare, forklarer Sindhu Natarajan. Ho er lege og forskar i folkehelse, og spesialist ved University of Birmingham i global helse hos mødrer og barn. Dei fleste dødsfall kan nemleg førebyggast med rett behandling.

– Det er veldig bra at tal på dødsfall blir lågare. At ei mor døyr av noko vi kan behandle, er fullstendig uakseptabelt, seier Sindhu Natarajan.

Skeivfordeling

Risikoen for å døy i barseltida er svært ulikt fordelt i verda. Nigeria har verdas høgaste andel av mødredødelegheit, med 993 dødsfall per 100.000 fødslar. Norge har verdas lågaste tal, med eitt dødsfall per 100.000 fødslar.

Ifølgje Verdsorganisasjonen for helse (WHO), skjer over 90 prosent av alle dødsfalla i låg- og mellominntektsland, der Afrika sør for Sahara og Sør-Asia står for 87 prosent av dødsfalla.

– I låg- og mellominntektslanda er den største utfordringa ofte at det er langt til helsefasilitetar der utdanna personale kan hjelpe med fødselen, seier Natarajan, og held fram:

– Men i dag blir det utdanna fleire jordmødrer der, og talet på utdanna fødselshjelparar stig. Tilgangen på kvalitetsmedisin blir betre. Det er betre pleie før, under og etter fødselen, og det er også betre tilgang til rådgjeving under graviditeten. Alt dette er betra på verdsnivå.  

Kvifor skjer mødredødelegheit?

Mødredødelegheit dekker dødsfall i samband med graviditeten; frå unnfanginga til 42 dagar etter at graviditeten er ferdig.

Dei vanlegaste årsakene til at kvinner dør i barseltida er:

  • Alvorlege blødingar i samband med fødselen, slik at den kvinna dør av blodmangel.
  • Infeksjonar som ofte kjem etter fødselen.
  • Unormalt høgt blodtrykk under graviditeten, som kan føre til at kvinna kan få krampar eller hamna i koma. I verste fall kan organa slutte å fungere.
  • Komplikasjonar i samband med fødsel, til dømes om barnet ligg feil, slik at det ikkje kjem ut.
  • Usikre abortar: Mange stadar er abort framleis ulovleg, noko som tvingar mange gravide til å få gjennomført usikre abortar – til dømes ved å ete rottegift eller stikke skarpe gjenstandar opp i livmora – noko som i enkelte tilfelle kan medføre dødsfall

På verdsbasis steig andelen fødslar med utdanna helsepersonale frå 61 prosent i 2000 til 87 prosent i 2024, viser tal frå WHO.

Gravide i dei mest avsidesliggande delane av verda har framleis ein risiko når dei skal føde. Nokre kvinner må gå i timesvis for å komme til ein helseklinikk, og når dei først kjem fram, kan dei risikere at personalet ikkje har kompetansen, utstyret eller medisinen til å gi den gravide optimal behandling.

På grunn av dei lange avstandane har kvinna kanskje heller ikkje fått behandling for dei komplikasjonane ho har fått under graviditeten.

Desse komplikasjonane kan ende i kraftig bløding ved vaginal fødsel, også kjend som postpartum bløding (PPB). PPB står for 27 prosent av alle dødsfall i samband med fødslar. Men det skjer også store framsteg i behandlinga av PPB.

Kraftig bløding er eit stort problem

Kvart år døyr 70.000 nybakte mødrer av PPB i verda. Men eit plastteppe kan endre dette. Teppet er forma som eit kremmarhus og blir lagt under ryggen til mora etter fødselen. På denne måten kan helsepersonalet finne ut kor mykje blod mora mistar.

Teppet har redusert PBB-tilfella med 60 prosent, ifølgje eit studie som Sindu Natarajan har stått i spissen for.

– Då eg såg resultatet på 60 prosent blei eg glad, men eg innsåg også at vi straks må spreie teppet til resten av verda, seier Sindhu Natarajan.

Det har likevel skjedd masse i samband med spreiinga av teppet og behandlinga av PBB.

– Nigeria har allereie implementert teppa i deira nasjonale strategi. Det same har Kenya, Sør-Afrika og Pakistan, og fleire land går i same retning, seier Natarajan.

Dersom utrullinga held fram og når ut til resten av verda, har det potensiale til å redde tusenvis av liv verda over, meiner forskaren:

– Det vil redusere tal på mødredødelegheit markant dei kommande åra.

Med andre ord så har vi dei fleste løysingar til å redde millionvis av nybakte mødrer sine liv – det gjeld berre å investere i dei. Dette er ei politisk avgjerd som krev éin ting, ifølgje Sindhu Natarajan:

– Det krev engasjement. Ikkje berre frå éin person, men frå alle regional, lokal og nasjonal innsats. Eit engasjement for å seie at ingen skal døy i barselstida.