3. mars 2025

Verdensdagen for ville dyr Dei har redda menneske i årevis – no kan desse rottene også redde ville dyr

Organisasjonen APOPO har blitt heidra for den revolusjonerande innsatsen deira i å redde menneskeliv ved hjelp av rotter. No ønsker dei å ta skrittet vidare, og er i gang med eit nytt prosjekt – denne gongen er formålet å redde ville dyr frå ulovleg handel.

Foto: APOPO

Den afrikanske kjempepungrotta Magawa vart verdskjend i 2020 etter han vart den første rotta til å bli heidra med gullmedaljen av den britiske organisasjonen PDSA. Dette er den mest verdifulle prisen som kan bli gitt til dyr for å bidra til å redde sivile liv. Denne medaljen hadde tidlegare berre gått til hundar.  

Magawa fekk medaljen etter å ha vore med i arbeidet for den tanzanianske ikkje-kommersielle organisasjonen APOPO, som trener opp rotter til å lukte fram landminer og tuberkulose. Ifølgje organisasjonen sjølv hadde dei ved 25-årsjubileet sitt i november 2022 rokke å endre heile 1 884 138 liv ved hjelp av rottene og hundane nei nyttar i arbeidet sitt . 

I desember 2023 nådde organisasjonen ein ny milepåle ved at dei totalt hadde reinska 100 millionar kvadratkilometer for landminer – eit område på størrelse med Paris. Ei rotte kan sjekke 200 kvadratmeter for landminer på berre 20 minutt, noko som kan ta ein person med metalldetektor opp til fire dagar. Dette er fordi rottene berre luktar fram TNT og ikkje anna metallavfall.  

Rottene identifiserer også tuberkulose raskare enn mikroskopitestane som er standard på offentlege klinikkar. Dermed får fleire behandling for denne alvorlege sjukdommen. 

Men no skal organisasjonen ta steget vidare – og ein ny generasjon med rotter får opplæring i å hjelpe mot ulovleg handel av produkt frå ville dyr.  

Reddar liv – både dyr og menneske 

Med støtte både frå USA og Storbritannia har APOPO lenge undersøkt moglegheita for å lære rottene opp til å lukte ut skal frå skjeldyr, også kjend som pangolinar, i fraktcontainerar. 

Dette er noko gnagarane har vist at dei klarer effektivt utan at dei blir påverka av lukter som gjerne blir brukt til å dekke over denne lukta, slik som til dømes kaffibønner.  

Dermed har rottene ikkje berre potensial til å redde liva til menneske, men også til andre dyr. Etter kvart har også hovudfokuset i opplæringa gått vekk frå å berre vere skjeldyr, og no er rottene også i gong med opplæring i å lukte fram fleire andre dyre- og plantegjenstandar som er råka av stor grad av smugling og ulovleg handel.  

Vestane til rottene er utstyrt med ein mekanisme dei kan dra i for å signalisere at dei har funne noko. Foto: APOPO

Rottene luktar fram dei unike luktene til kvart produkt og seier frå til føraren deira kor produktet er. Prosjektet vart for første gong testa ut i praksis i Dar-es-Salaam i Tanzania i 2023.  

I testen vart både ting dei skulle lukte fram og ting som skulle forstyrre dei lagt ut, og forskarane og rotteførarane visste ikkje sjølv kva for nokre ting som var falske. Likevel klarte rottene å oppdage ein imponerande stor prosentdel av alle varene knytt til handelen av naturgjenstandar. 

– Eg var så stolt av rottene våre då dei oppdaga 83 prosent av måla, som vart planta på kaien av andre enn dei involverte trenarane og forskarane, skreiv Walter Magesa, biolog og rottetrenar hos APOPO, i ein artikkel i Nature Africa

Effektivt på fleire felt 

Ein forskingsartikkel publisert mot slutten av 2024 stadfestar at rottene er effektive og heilt unike når det kjem til evna til å navigere i særleg tettpakka stader. Den viser at opptreninga har fungert veldig bra, ved at rottene effektivt kan lukte fram både skal frå skjeldyr, det trua afrikanske svarttreet, horn frå nashorn og støyttenner frå elefantar. 

– Forskinga vår viser at me kan trene afrikanske kjempepungrotter til å oppdage ulovleg smugla naturprodukt, også når det har vore skjult blant andre stoff, forklarer forskar Isabelle Szott, som leia studiet, i ei nyleg oppdatering frå APOPO. Szott held fram: 

– Rottene si evne til å skilje mellom målprodukta og luktar som ikkje er målet, gjer at dei er eit effektiv oppdagingsverktøy, særleg i komplekse smuglingsscenario. 

Isabelle Szott, saman med ei av APOPO sine HeroRATS. Foto: APOPO

Dei tradisjonelle metodane for å avdekke denne type smugling, slik som manuelle inspeksjonar og gjennomgang av papir er ofte for svake til å avdekke dette. Smuglarar tar ofte i bruk falske dokument og skjuler produktet saman med andre ting som blir frakta.  I tillegg er internasjonal handel såpass omfattande at det er umogleg å få sjekke alt. Dette gjeld særleg på grunn av mangelen på avansert teknologi på fleire grensepunkt. 

– Eksisterande screeningsverktøy er dyre og tidkrevjande. APOPO sine HeroRATs er ei lågkostnads, skalerbar løysing som i stor grad kan utvide kapasiteten til tolloffiserar til å avskjere smugla dyre- og planteprodukt, seier Szott. 

Stort potensial 

Denne metoden kan dermed bli eit effektivt tiltak mot handelen, ved at rottene kan stå på store transittpunkt, slik som flyplassar og hamner. Dette er då eit lovande steg i rett retning for å få bukt med den store utfordringa rundt å bli kvitt denne handelen.  

Slik smugling er skadeleg for spesifikke dyrebestandar, og det skadar samtidig global biodiversitet. I tillegg tar det vekk den naturmangfaldige arva til lokalsamfunn og er til skade for regionale økonomiar. Ulovleg handel av ville dyr er også i nær slekt med andre alvorlege brotsverk, slik som menneskehandel og narkotikasmugling. Dette gjer det ekstra lovande at det no kan komme fleire tiltak for å stoppe smuglinga. 

APOPO lister opp fleire ting som er fordelar med å bruke rotter i staden for andre metodar for å sjekke fraktkonteinarar. På grunn av rottene sin gode luktesans kan dei oppdage bitte små produkt frå denne type smugling, sjølv i store konteinarar utan å opne dei opp. Dei skil også lukta frå andre ting som blir brukt til å maskere lukta. Dette gjer at inspeksjonar går mykje fortare. 

I tillegg er det mykje billigare å bruke og halde ved like rotter enn det er å bruke store maskinar til skanning, då rottene er billige og enkle å både trene og ta vare på. På grunn av størrelsen til rottene er dei også svært godt egna til å sjekke last utan å øydelegge for mykje. Dei kan komme inn på tronge område for å lukte fram produkt, utan at lasten må pakkast ut for inspeksjon.  

Rottene er også fleksible ved at dei kan bli trena opp til nye lukter i ein stadig endrande situasjon med ulovleg handel. Dei gløymer heller ikkje luktene så fort.  

– Rottene heldt fram med å oppdage naturprodukt etter å ikkje ha vore borti den arten på ein lang periode. Dette nivået av bevaring er samanliknbart med søkshundar, og er særleg lovande for utplassering over lang tid, seier Kate Webb, medforfattar av studiet på APOPO. 

Løn for arbeidet blir gitt i form av godbitar. Foto: APOPO

Moglegheiter og utfordringar 

Etter vellukka testar har arbeidet med å trene nye generasjonar med rotter vore i gong. Desse blir opplært både til å lukte fram slike mål i fraktkonteinarar, men også til å søke i varehus. 

Planen er å utvikle dette frå eit forskingsprosjekt til eit fullt operativt prosjekt så fort som mogleg. I framtida kan det kanskje vere rotter plassert ut på mange ulike transittpunkt for å hindre denne ulovlege handelen.  

– Studiet har stadfesta potensialet rottene har i å oppdage dyre- og planteprodukt, men vidare utvikling og utprøving i den verkelege verda er nødvendige før dei kan bli utplassert i stor skala, seier Kate Webb. 

Det som då står att vil vere å sørge for at dette kan komme ut i praksis. Dermed vil vidare undersøking handle om å finne ut korleis ein kan gjennomføre ei operasjonell utplassering av rotter på transittpunkt. Suksessen i eit kontrollert miljø beviser at konseptet verkar, men det å faktisk plassere rottene i felten kjem med nye moglegheiter og utfordringar.