17. juni 2020

Grøne bussar på frammarsj i Kina

Med statsstøtte og regulering har Kina fått hundretusenvis av elbussar på vegane. Det betyr mindre luftforureining og lågare Co2-utslepp.

Foto: CC BY-ND 2.0 hans-johnson / flickr

Foto: CC BY-ND 2.0 hans-johnson / flickr

Meir enn ein halv million elektriske bussar rullar rundt på verdens vegar. Eller, meir presist – det rullar rundt ein halv million elektriske bussar på kinesiske vegar, medan nokre få tusen av dei køyrer i andre land. Kina sit nemlig tungt i førarsetet når det gjeld elektriske bussar. Det viser ei analyse av verdas elektriske køyretøy frå research-verksemda BloombergNEF. Auka i elbussar i Kina skjer raskt, og antalet vart meir enn femdobla mellom 2015 og 2019.

Dette er gunstig både for folkehelsa – ved mindre luftforureining i byane, og for klimaet, når det blir lågare utslepp av Co2. Analysa anslår at alle verdas elektriske køyretøy samla sparar kloden for ein million tønner olje om dagen, som elles hadde brukt den som drivstoff – og den halve millionen elbussar står for ein stor del av denne besparinga.

Krevjer statsstøtte

Det er den kinesiske staten som driv elbussane sin hastige vekst, med både tilskot og regulering. Det starta som ein del av Kinas innsats mot den voldsomme luftforureininga i mange kinesiske byar, som kvart år bidreg til at over ein million kineserar døyr for tidleg. I 2009 vart 13 kinesiske byar utpeika som pilotprosjekt, som skulle teste ut alternativ til fossil transport, deriblant megabyen Shenzhen, som er den første byen i verda til å få elektrifisert heile si bussflåte – i alt meir enn 16.000 bussar. Forsøket gjekk betre enn forventa, og antalet elbussar steig hurtig, så den kinesiske regjeringa heva ambisjonane og heldt fram med tilskota.

Desse tilskota er naudsynte dersom ein vil ha mange elbussar på kort tid, for det er framleis dyrare å kjøpe elektriske bussar enn dei klassiske dieselbyssane – prislappen kan komme opp mot det dobbelte. Men, på same måte som elbilar vert stadig billigare, går også prisen på elbussane ned, etter kvart som batteria vert billegare å produsere. I følgje BloombergNEF si analyse, har prisen falle med 18% årleg mellom 2010 og 2018.

Spreier seg utanfor Kina

Dei fallande prisane og den veksande klimabevisstheita betyr at elbussane også breier seg utover Kinas grenser. I følgje fagmediet Sustainable Bus kom det fleire elektriske bussar på gata i Vest-Europa åleine i 2019 enn i dei føregåande sju åra samanlagd. Dette er ei valdsom stiging, men frå eit lågt utgangspunkt. Det er no om lag 3000 elektriske bussar i Vest-Europa.

Nederland er det europeiske landet med flest elbussar – om lag 800. Dette er langt frå Kinas om lag 500 000 grøne bussar. Men, i følgje BloombergNEF-analysa, vil resten av verda no sakte men sikkert kome etter, og dei få elektriske bussane vi ser i Vest-Europeiske land no, er simpelthen dei første av mange. I løpet av dei neste 20 åra vil antalet eksplodere, anslår analytikarane, og i 2014 vil meir enn to tredjedelar av alle verdas bussar vere elektriske.