Indien er et af lande, der skruer op for solkraften. Foto: IWMI Flickr Photos CCBY

India satser nå på solkraft. Foto: IWMI Flickr Photos CCBY

India skrur opp for solkraft

Dei siste ti åra er mengda solenergi i India mangedobla, og somme av dei største solcelleparkane i verda fins no i India. Samtidig flatar veksten av kol ut.

Del

I Thar-ørkenen i delstaten Rajasthan i nordvest-India, på grensa til Pakistan, spreiar rekka av solcellepanel seg over store avstandar. Her finn vi Bhadla Solar Park, verdas største solkraftverk, som strekkjer seg utover 40 kvadratkilometer brennheit ørken. Dei siste åra har ei mengd indiske energiverksemder etablert, utbygga og utvida solcelleparken. I dag har den ein kapasitet på 2,25GW – om lag fem og ein halv gong så høg kapasitet som Danmarks største havvindmøllepark, Horns Rev 3.

Beadle Solar Park er verdas største, men India har fleire andre ultra-mega power plants på 1 GW eller meir, som produserar solkraft. Dette inkluderar verdas nest største solcellepark. Veksten i solcellekraftverk i India har vakse kraftig dei siste ti åra. I følgje ei undersøking gjennomført av IRENA, det internasjonale agenturet for vedvarande energi, hadde India berre 65 MW solkraft i 2010. Siste åra har kapasiteten eksplodert til 35.060 MW, som utgjer meir enn ei 500-dobling på 10 år, og India er no det femte største landet i verda når det gjeld solenergi.

Kolkraft mystar gradvis pusten

Den største faktoren for den store solcelleveksta i India er prisen, som har droppa med meir enn 80% sidan 2010, og solenergi er no blitt billigare enn kolkraft i India. Kol utgjer ryggsøyla i den indiske elektrisitetgenereringa, og har vakse jamnt siste tiåra. Men – no har veksten sakka ned, og dei siste åra er mengda ny kolkraft falle til mellom ein fjerdedel og halvparten av for berre få år sidan, viser tal frå indiske energimyndigheiter. Dette betyr også at India frå 2018 og fram har etablert meir fornybar energi enn kolkraft.

Samtidig betyr ei økonomisk samanfarning i landet også at energiforbruket siste åra har flata ut, og nylig opplevde India for første gong på eit tiår at straumproduksjonen frå kolkraft fell, – og sjølv om det berre fell med 2,5%, er det likevel ei betydelig endring, når kolkraft ellers berre har vakse.

Ambisiøse grøne mål

India har store planar for den grøne omstillingen. Landet har sett eit ambisiøst mål om 175 GW fornybar energi i 2022, derav 100 GW skal vere solkraft – og 450 GW i 2030. I følgje IRENA hadde India alt i 2019 omlag 128 GW grøn strøm, så dei har eit godt stykke att til målet, og sjølv om India utvidar solenergien sin kraftig, går det ikkje så raskt som håpa.

Skal India nå sine mål for grøn omstilling, må regjeringa setje enda meir strøm på fornybar energi. Men – den valdsomme veksta i solenergi dei siste åra viser at India har potensialet til store endringar på kort tid.