1. mai 2025

Kan verda stå nærmare ei løysing på mikroplastproblemet?

Mikroplast er ei av dei største miljøutfordringane i vår tid. No kan det ha blitt utvikla ein metode basert på heilt naturlege ingrediensar som kan trekke til seg så mykje som 99.9 prosent av all mikroplast. Dette viser håp for framtida.  

A Different Perspective/Pixabay.

Mikroplast som omgrep blir brukt om bitar av plast som er mindre enn 5 millimeter. Dette er eit veldig kjend miljøproblem som kan gjere stor skade på ulike økosystem.  

I 2020 fann Miljødirektoratet at årleg mikroplastutslepp var på 19.000 tonn i Norge. Ein kan no finne slike partiklar i alle arktiske marine habitat, og det kjem fort inn i næringskjeda ved at det blir ete av skjell, fisk og fugl.  

Skadeleg for menneske, dyr og miljø

Mikroplast finst no overalt i naturen, og det kan vere farleg for helsa vår. Ei langvarig og høg grad av eksponering kan føre til lungesjukdom, kreft og død. 

Mikroplast er også svært skadeleg for dyrelivet. Mellom anna kan den sette seg fast i fordøyelsessystemet for dyr som ikkje kan skilje mellom mat og plastavfall. Plasten kan gi ei falsk mettheitskjensle, og kystfuglar og fisk kan døy av sult som følgje av dette. Desse plastpartiklane kan også føre til indre skadar og endringar i vekst og reproduksjon hos dyr som har fåttt det i seg. 

Heile 94 prosent av plasten som hamnar i havet blir liggande på havbotnen. Mikroplast har, ifølgje Miljødirektoratet, blitt påvist i organismar på alle nivå i næringskjeda – frå det minste plankton til dei største kvalane. 

Dei små plastpartiklane kan også spre miljø- og helseskadelege stoff. Dermed kan mikroplasten bidra til at slike miljøgifter kan bli tatt opp i organismar. Det er derfor viktig å finne ei løysing på problemet.

I tillegg til at det er viktig å stanse utslepp av mikroplast, er det også heilt nødvendig å drive opprydding og fjerne mikroplasten mange stadar. Dette må skje slik at dyreliv og sårbar natur ikkje blir skada. Kinesiske forskarar hevdar no å ha kome med ein svært effektiv filtreringsmetode.  

Håp for havet 

Ein studie publisert i det fagfellevurderte vitskaplege magasinet Science Advances i desember 2024 viser nemleg eit nytt gjennombrot i kampen for å fjerne mikroplast i havet.  

Forskarane, frå Wuhan University, innleier forskingsartikkelen ved å skrive at det å fjerne mikroplast frå vatnet er svært viktig for heile økosystemet, men at det har vore vanskeleg å finne ein universell og effektiv strategi. 

Studien viser at ei samanbinding av det indre beinet til ein tiarma blekksprut og bomull kan absorbere store delar av mikroplasten. Dette er også heilt nedbrytbare materiale, som også er lett tilgjengelege.  

Kitin frå beinet til tiarma blekksprut og cellulose frå bomull kan nemleg skape eit skumliknande biomassefilter; ein slags nedbrytbar “svamp”. Desse materiala er allereie kjende for å eliminere forureining frå avfallsvatn. 

Under utprøving vart desse biomassefiltera testa i fleire ulike vassprøvar – både irrigasjonsvatn og vatn frå dammar, innsjøar og havet. I prøvane fjerna desse svampane opp til 99.9 prosent av all mikroplasten.  

Filteret som forskarane laga absorberte mikroplasten både ved å fysisk avskjære den, men også gjennom elektromagnetisk tiltrekking.  

Forhåpentlegvis skalerbart 

Både bomull og blekksprutbein er kostnadseffektive og lett tilgjengelege. Utstyret for å produsere dette filtreringssystemet er også breitt tilgjengeleg. Forskarane meiner at denne metoden derfor har eit godt grunnlag til å kunne brukast i ein større skala.  

Dette er noko som har vore eit stadig problem ved dei aller fleste tidlegare forsøk på å filtrere vekk mikroplast. Absorberingsevna vart heller ikkje veldig påverka andre forureiningar, noko som også har vore eit problem ved tidlegare metodar. 

Utprøvingane viste at dette var noko som kunne fungere under ulike miljøvilkår og for ulike typar mikroplast. Metoden viste ein effektivitet på mellom 98 og 99.9 prosent i testane.  

Dersom vidare forsking kan vise at dette faktisk kan skalerast opp, kan dette vere ein viktig veg mot å kunne finne løysinga på dette store miljøproblemet. Sjølv etter å ha brukt materialet i fem omgangar var det ifølgje forskarane framleis effektivt, og dei kunne framleis få tak i 95-98 prosent av all mikroplasten. Dette viser at filtera har eit stort potensiale for å vere gjenbrukbart.  

Forfattarane av studiet seier, ifølgje the Guardian, at dersom fleire testar er suksessfulle så kan det bli utvikla på ein industriskala og kan bli brukt i offentlege filtreringssystem. Det kan også bli brukt i til dømes vaskemaskinar og oppvaskmaskinar og andre ting som kan vere kjelder til mikroplastforureining. 

Nye utfordringar 

Sjølv om forskinga viser lovande resultat, står det framleis ein del utfordringar att. Særleg gjeld dette at det finst ein usikkerheit i forskingsresultata om det kan fjerne plasten som allereie har sokke ned til sedimenta.  

I eit intervju med CNN skildrar mikroplastforskar Shima Ziajahromi frå Griffith University i Australia, dette også som hovuddelen av mikroplasten i havet.  

I tillegg kan det vere problem knytt til å kunne kvitte seg med filtera. Forfattarane bak studien skriv at den naturlege nedbrytingsevna til biomassen hindrar mikroplasten i å komme tilbake til miljøet, men det er litt uklart kva som skjer med mikroplasten.  

– Sjølv om materiala er nedbrytbare, må mikroplasten som blir absorbert kunne kastast på ein skikkeleg måte. Utan forsiktig styring kan prosessen risikere å overføre mikroplasten frå eitt økosystem til eit anna, seier Ziajahromi. 

Ziajahromi stadfestar likevel at dette er ein lovande studie som kan bane veg for ein effektiv måte å reinske det sårbare marine økosystemet. Likevel bør det ikkje stå i vegen for at det å minimere plastforureininga bør vere hovudprioriteten.