3. mai 2025

Bier hjelper til med å løyse konflikt mellom elefantar og menneske

Fleire stader i Afrika har vore prega av konfliktar mellom elefantar og bønder. No har eit prosjekt lukkast i noko som ein skulle tru var lite truleg; nemleg å halde dei gigantiske elefantane unna, ved hjelp av nokon bitte små afrikanske honningbier.

Bønder bruker bier til å halde elefantane unna avlingane.

Bønder bruker bier til å halde elefantane unna avlingane. Foto: Meha Kumar/Save the Elephants.

I fleire stader i Afrika har det vore ei auke i elefantbestandane som følgje av vellukka bevaringsarbeid og tiltak mot krypskyttarar. Sjølv om dette er ei positiv utvikling, har det også ei bakside; elefantane øydelegg avlingane som er levebrødet til dei lokale bøndene.  

Dette har ført til vedvarande konfliktar mellom elefantane og bøndene, ofte med dødsfall på begge sidene. Elefantane er berre aggressive mot menneske i sjølvforsvar, men øydeleggingane deira kan fort føre til vald frå lokalbefolkninga, som dermed gjer at dei gigantiske dyra blir valdelege.  

Sjølv om elefantar er populære blant turistane, er det eit velkjend problem at dei ikkje er særleg populære blant bøndene. Turistar bidreg med om lag 10 prosent av Kenya sin BNP, men det er framleis bøndene som er ryggrada i landet sin økonomi. 

Frykta for biene 

Dei siste ti åra har likevel eit langvarig prosjekt frå organisasjonen Save the Elephants lukkast i noko som ein skulle tru var lite truleg; nemleg å halde dei gigantiske elefantane unna, ved hjelp av nokon bitte små afrikanske honningbier. 

Prosjektet starta i Kenya, og var basert på ein idé som kom frå gammal kenyansk folketru: At elefantar er naturleg redde for bier, og at lyden vil få dei til å flykte, i tillegg til å åtvare andre elefantar om faren. 

No har fleire liknande prosjekt blitt starta opp fleire stader i verda. Ifølgje Save the Bees har no over 14.000 bikubar blitt sett ut for å skremme vekk elefantar i Afrika og Asia. 

Bikubane blir sett saman og fungerer som eit gjerde. Biene blir på denne måten brukt som eit alternativ til straumgjerde. 

– I staden for å ha desse strenge, splittande, migrasjonsblokkerande straumgjerda, måtte det vere ein anna måte å sjå på desse utfordringane. Eg er mykje meir interessert i ein heilskapleg og naturleg måte å halde elefantane og samfunnet adskilt der det er nødvendig, forklarte ansvarleg forskar for prosjektet, Lucy King, på ein TED Talk frå 2019. 

I praksis fungerer desse gjerdene ved at fleire bikubar er hengde opp med ein streng mellom seg. Dersom elefantane kjem bort i denne strengen vil det vere rørsle i kubane, og biene vil flyge ut for å beskytte dronninga si. Lyden, synet og lukta av biene vil så skremme elefantane vekk, og hindre dei i å krysse vidare inn på gardane.  

Vellukka prosjekt 

Eit forskingsprosjekt som har blitt gjort over ni år, viste at i Kenya unngjekk elefantane småskalagardar som hadde honningbier dei aller fleste gongane. Forskinga, som var eit samarbeid mellom Save the Bees og andre, vart publisert mot slutten av 2024 i det vitskaplege tidsskriftet Conversation Science and Practice.   

– Bikubegjerde er veldig effektive i å redusere opp til 86.3 prosent av elefantinvasjonar når avlingane på gardane er på sitt mest freistande, forklarer Lucy King om den nye forskingsrapporten. 

Forskinga viser nemleg at bikubane heldt så stor prosentdel av elefantane unna i toppsesongen for avlingane. Det årlege gjennomsnittet viste at 76 prosent av elefantane heldt seg unna gjennom alle sesongane i løpet av dei ni åra forskinga føregjekk. Det var då snakk om rundt 4000 elefantar totalt.  

Hovudansvarleg Lucy King saman med ein bonde i Sagalla, Tsavo. <br /> Foto: Lama Kabbani.

Nedkjempar gammalt hat 

Eit av områda som har fått nytte av prosjektet finn ein rundt Tsavo National Park i Kenya. Her er det mange honningbier like ved avlingane til bøndene. 

Området har tidlegare vore prega av konfliktar mellom elefantane og bøndene. Med ei enorm auke i elefantbestanden i området på grunn av vellukka bevaringsarbeid, har dei store skapningane blitt eit problem for bøndene. 

Då vart løysinga nettopp å rekruttere birøktarar, og lære opp bøndene i birøkting.  

Til AFP fortel småbønder i området om eit tidlegare stort hat mot elefantane. På jordbruksgrunnen, rett mellom to delar av nasjonalparken Tsavo, var det før vanleg at fleire månader med arbeid vart øydelagt som følgje av inntrengande elefantar. 

Elefantbevaringa har vore ein skikkeleg suksess i dette området. I Tsavo steig tala på elefantar frå 6000 i 1991 til nesten 15.000 i 2021, ifølgje Kenya Wildlife Service. I 1960 var det rundt 35.000 elefantar i nasjonalparken, så det er framleis ein veg å gå for å komme tilbake til tidlegare nivå.  

Samtidig har det også vore ei auke i menneske i området, noko som naturleg nok har påverka beite- og migrasjonsrutene til elefantane. Då kjem det nemleg problem med at dei gamle migrasjonsrutene er blokkert, eller at elefantane tar seg til rette og bryter seg inn på åkrane for å sikre seg næringsrike avlingar. Samanstøyt mellom desse dyra og lokalbefolkninga som følgje av dette er på veg til å bli hovudårsaka til at elefantar dør.  

Manglande kompensasjon til bøndene har også ført til at bøndene var irritert på dei som arbeidde med bevaring. Derfor kan også prosjektet bidra til å hindre konfliktar, også mellom menneske.  

Vinn-vinn-situasjon 

I tillegg til at biene skremmer vekk elefantane, kan dei produsere honning, som igjen kan bli seld og auke inntektene til landbruket. 

Ikkje berre ser ein at elefantane held seg unna og bøndene får ei auke i inntekter, men dette fører til at synet på elefantar frå lokalbefolkninga blir betydeleg betre, og konfliktane minskar betrakteleg. Det er altså ein vinn-vinn-situasjon.  

Sjå elefantane reagere på lyden frå biene. Foto: Lucy King, Save the Elephants.