9. august 2019

Nyleg vart ein ny verdsrekord sett – i antal tre planta på ein dag

Etiopia er eit av mange land som har sett eit aukande avskogingsproblem dei siste tiåra. I følgje FN har andelen skog i landet gått frå 35%, til berre 4% i løpet av dei siste åra.

Foto: Katevn / Pixabay

Foto: Katevn / Pixabay

Forrige veke, i eit forsøk på å motverke effektane av avskoging og klimaendringar, vart heile 350 millionar tre planta på 12 timar, som ein del av statsmilister Abiy Admeds “Green Legacy Initiative”. 

Målet var å plante 200 millionar tre, men det endelege resultatet gjekk langt forbi, og landet tok over verdensrekorden frå då det i India vart planta 50 millionar tre på ein dag I 2016. 

I følgje Juliette Biao Koudenoukpo, direktør for FN sitt miljøprogram i Afrika, er planting av skog den mest effektive løysinga vi har på klimaendringane per dags dato. Dette er mellom anna grunna evna grøne planter har til å absorbere og lagre CO2, ein av dei mest sentrale årsakene til global oppvarming. I tillegg er skog viktig for det biologiske mangfaldet i området. 

Andre land vert oppfordra til å følgje dømet til Etiopia, og ein ser liknande tiltak mellom anna i Kenya, der dei saman med FN har lansert ”the Greening Kenya Initiative”, som har som mål å gjenopprette tapte grøntområde.