23. februar 2020

Ris med jarn skal styrkje born

Ein ny type ris med tilsett jarn skal gi skuleborn i Filippinene betre helse, og hjelpe dei med å lære meir.

Dyrking av ris i Filippinene. Foto: lester56 / Pixabay

Dyrking av ris i Filippinene. Foto: lester56 / Pixabay

Eigentleg burde det slett ikkje vere problem med jarnmangel hjå skuleborn i Filippinene. Det er nemlig tjue år sidan myndigheitene vedtok ei lov om at det skal tilsetjast jarn til all ris i landet. Problemet er berre at det ikkje har lykkast i å finne ut korleis ein kan tilsetje jarn til ris utan at smak, farge og duft av maten vert øydelagt. Derfor slo risen aldri gjennom, og andelen av filippinske born med jarnmangel – anemi – har haldt fram med å stige sidan 2011, frå 11 til nesten 16 prosent.

Det er eit stort problem, då mangel på jarn mellom anna kan medføre at borna får mindre energi, at dei veks og utviklar seg meir langsamt, får hyppigare infeksjonar, og at hjernene deira ikkje utviklar seg ordentlig, slik at dei får nedsett intellegens og åtferdsforstyrringar. Alt dette er ting som råkar ekstra hardt i skulealder, der borna er nøydde til å lære så mykje som mogleg.

Men, i eit samarbeid mellom dei filippinske myndigheitene, FN´s matvareprogram(WFP), bønder og verksemder har dei no likevel lykkast i å utvikle ein slags jernberika ris, som både lev opp til kvalitet, tryggleik og smak. Det viser resultata av eit pilotprosjekt som har pågått siste åra.

ELTAR JARN INN I DEIG

Før forsøkte ein dyppe risen i ei jarnhaldig blanding, som sette seg som eit belegg rundt kvart riskorn. Det gjorde risen gul-aktig, og den endra lukt og smak. Den nye metoda verkar slik at ein eltar risen saman med jernblandinga til ein slags deig, som ein deretter formar til nye riskorn. Ein blandar deretter den jernberika risen saman med vanleg ris i forholdet 1 til 100.

“Vi hadde ein del problem med å produsere den jarnberika risen lokalt under pilotprosjektet, men det var strevet vert, når vi veit at det kjem til å redusere feilernæring blant skulebarn, og samtidig støtte lokale risbønder,” seier Almyr Bernabe frå WFP i Filippinene.

Som oppfølging av prosjektet er WFP nær å inngå ein avtale med det filippinske skulematprogrammet om å levere dei første 2880 tonna lokalt dyrka og jernberika ris. På den måten vert dei mindre risdyrkarane dei som leverar nesten direkte til skulane, noko som forventast å styrke lokal sysselsetjing.

BRUK FOR EI BETRE LØYSING PÅ SIKT

Det er ikkje kun i Filippinene at mangel på næringsrik mat, spesielt til born, er ei stor utfordring. Verda har som heilskap gjort gode framsteg i å gi born betre ernæring, noko som kan sjåast ved at andelen born som ikkje oppnår full høgde, er nesten halvvert sidan 1990. Sjølv om høgda til born varierar naturlegt, kan for låg høgde vere eit tegn på at born manglar dei næringsstoffa som er naudsynte for utvikling. Generelt ser det ut til at andelen veksthemma born ser ut til å falle. Men, når det kjem til jarnmangel, har det byrja gå feil veg. Etter mange års framgang har andelen born med anemi faktisk stige sidan 2014, viser tal frå Verdsbankens statistikkdatabase.

Det optimale ville vore om borna fekk ein balansert kost, skriv WFP. Men i fleire asiatiske land utgjer ris 70% av kaloriinntaket, og derfor sjåast berika ris som ein enkel og effektiv måte å auke sunnheita på. Det viser organisasjonens gjennomgang av ti års erfaringar med å tilsetje næringsstoff til mat.