8. juli 2020

Kina beskyttar truga dyreart etter korona

Det trua skjelldyret skal ikkje lenger nyttast til kinesisk medisin, og tre underartar er no like beskytta som pandaen.

Foto: CC BY-NC 2.0 Nik Borrow / Flickr

Korona-pandemien som i månadsvis har herja i heile verda, oppstod mogligens fordi sjeldne dyr vert smugla til kinesiske marknader, der virus kan spreie seg frå dyr til menneske.

Eit av dei dyra, som særlig har fått merksemd som ei potensiel kjelde til det nye koronaviruset er det merkverdige skjelldyret, også kjenda som pangolinen. Desse lev både i Afrika og i Asia, og liknar mest av alt på ei blanding av ein maurslukar og ei kongle. Fleire av artane er kritisk truga, fordi dyret er populært – både som mat og til bruk i kinesisk medisin.

Lukkar smutthol i lova


I kjølvatnet av koronakrisa vil dei kinesiske myndigheitene dog ha sett ein stoppar for rovdrifta av dei unike dyra. Pangolinen er vorte fjerna frå den offisielle lista over artar som nyttast til kinesisk medisin, og tre av artane si beskyttingsgrad er heva til høgaste grad – klasse 1. Det er same fredingskategori som landets elska panda, og betyr at ein kan risikere opp til ti års fengsel for å fange, drepe eller handle med dyra. Det gir anleding til forsiktig optimisme for skaldyrets framtid.

“Å få sett ein stoppar for det lovlege salet av pangolin-skjell lukkar det siste store smuttholet som har forhindra innsatsen for å redde skjelldyret,” seier Peter Knights, leiar av naturvernsorganisasjonen WildAid.

Etter utbrotet av det nye koronaviruset forbaud Kina å selje ville dyr til bruk i fødevarer, men det er stadig fleire dyreartar som vert impprterte til bruk i den tradisjonelle, men ofte verknadslause, kinesiske medisinen. Det er denne handelen med pangolin Kina no forsøker lukke ned.

Actionhelt slår eit slag for skjelldyret


I 2017 vart det vedteke eit internasjonalt forbod mot handel med skjelldyr, men den illegale handelen heldt fram, og det er i dag det mest smugla dyret i verda. Tollmyndigheiter har gjentatte gongar fanga opp store forsendingar av frosne eller levande dyr, og spesielt skjella. Til dmes konfiskerte Singapor i fjor ein last åp 14,2 tonn pangolin-skjell, som kom frå Nigeria og skulle verte smugla til Vietnam. Den forsendinga vurderast å ha kosta om lag 36.000 pangolinar livet.

Organisasjonen WildAid har arbeidd med å beskytte dyra på ulike, kreative måtar. I eit forsøk på å nå kinesiske forbrukarar har organisasjonen laga ei tv-reklame med actionhelten Jackie Chan. I klippet lærer han tre skjelldyr kung fu, så dei kan forsvare seg mot angrep. Men, sjølv om tonen er humoristisk, er bodskapen til dei kinesiske forbrukarane alvorlig nok:

“Pangolinen kan kun forsvare seg med å rulle seg saman til ei kule. Men alle artar er no beskytta av lova. Så, aldri kjøp korkje kjøt eller skjell,” seier Jackie Chan i videoen. I følgje organisasjonens eigne tal har dette og andre tv-klipp nådd ut til i alt 800 millionar sjåarar i Kina og Vietnam, og langt færre enn tidlegare trur no på den medisinske verknaden til pangolin-skjell.